Adresse:
Nei til Atomvåpen
Youngs gate 4
0181 Oslo
E-post:
post@neitilatomvapen.no
 
 
   
   

 

Nei til atomvåpen i Seljord

Ein fredag og laurdag ettermiddag i desember hadde Nei til atomvåpen (NTA) ein stand på Telesentret i Seljord der ein samla underskrifter frå folk til eit opprop retta til den norske regjeringa om at den må arbeide for å få istand ei internasjonal avtale med forbod mot atomvåpen. Det er allereie ei slik avtale om to andre våpentyper, nemleg kjemiske og bakteriologiske våpen.

Då NTA vart skipa for 30 år sidan, vart det den sto for av mange stempla som eit venstrevridd standpunkt, og som mange difor snudde ryggen til. Det var difor ei stor oppmuntring då 5 tidlegare framståande norske politikarar, Gro H.B., Kåre W., Oddvar N., Kjell Magne B. og Thorvald S. sist sumar gjekk ut i Aftenposten med ein kraftig apell mot atomvåpen.

Ikkje mindre oppmuntrande var det at nåverande utanriksminister Jonas Gahr Støre sende ei personleg helsing til NTA i samband med 30 års-jubileet organisasjonen hadde på Nobelinstituttet 21. nov. i år. Han skriv der m.a.: "Jeg gleder meg over at Nei til atomvpåpen runder de tredve år i fin form og stoler på at organisasjonen fortsatt vil mobilisere krefter og oppslutning, støtte og vilje til å nå vårt felles mål om en tryggere verden uten atomvåpen. Til lykke med jubileet!"

Ved oppteljinga av underskriftene desse to dagane vart resultatet 442 stk, noko ein er svært nøgd med.

Georg Noraberg

Copyright © 2007 Nei til Atomvåpen
Utviklet av Viavebb AS
Om oss | Faktabank | Hva skjer? | Avisa | Kontakt oss / Bli medlem | Lokallag | Historie